Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar
Statens vegvesen
- مكان العمل
- STAVANGER، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 28/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaVi søkjer ein rådgjevar til Kontrakt og marknad – og gir deg moglegheita til å få ei sentral rolle i store og komplekse prosjekt som byggjer framtidas infrastruktur. Hos oss jobbar du med kontraktsrådgjeving og oppfølging av entreprisekontraktar, tett på prosjekta og menneska som skal få dei til å lukkast.
Kontrakt og marknad er eit sterkt fagmiljø i Utbyggingsdivisjonen. Vi gir råd, utviklar rammeverk og byggjer kompetanse på tvers av prosjekta. Vi jobbar med alt frå prosjektstyring, anskaffingar og entrepriserett til samhandling, HMS, lønns- og arbeidsvilkår, klima og miljø samt marknadskontakt og -analysar.
Her får du ikkje berre brukt fagkompetansen din – du får vere med og påverke korleis nokre av Noregs viktigaste samfunnsprosjekt blir gjennomførte.
Arbeidsstad:
Stillinga har arbeidsstad ved Statens vegvesen sine kontor i Stavanger, Arendal, Bodø, Bergen eller Tønsberg.
Denne stillinga er for tida planlagd å bistå eit større utbyggingsprosjekt i Kristiansand. For denne stillinga må det difor påreknast regelmessig, normalt vekentleg, reiseverksemd til Kristiansand i ein periode på om lag 1–2 år frå oppstart.
ArbeidsoppgåverBistå prosjektorganisasjonane med rådgiving og kontraktsfagleg støtte ved gjennomføring og oppfølging av entreprisekontraktar.
Delta i utvikling av anskaffingar, kontraktar og rammeverk som handbøker, vegledarar og andre dokument knytte til entrepriserett og kontraktsrett som Kontrakt og marked har ansvar for.
Bidra til kurs, webinar og andre relevante kompetanseutviklingstiltak for divisjonen.
Bidra til erfaringsdeling og utvikling av beste praksis på tvers av prosjekt og fagmiljø.
Andre oppgåver innanfor arbeidsområda til staben kan òg bli aktuelle.
Kvifor skal du velja oss?Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
KvalifikasjonskravDu må ha:
Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Fortrinnsvis innanfor ingeniørfag, økonomiske eller juridiske fag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring med kontraktsoppfølging av entreprisekontraktar innan bygg- og anleggsprosjekt.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt.
Det er ein fordel om du også har erfaring med forhandlingar og handtering av kontraktsmessige problemstillingar i gjennomføringsfasen.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå HK-dir: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir.
Vi legg vekt på motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som trivst med å samarbeide på tvers av fagområde, deler gjerne av kunnskapen din og ønskjer å bidra aktivt til fagleg utvikling og erfaringsdeling.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessenKrav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.