Barnehagelærar
Hunstad og Ravnebjerget barnehage, Helse Bergen HF
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 14/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Helse Bergen eig og driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Ravnebjerget og Hunstad barnehage har no ledig faste stillingar som barnehagelærar frå hausten 2026. Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar i desse stillingane.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Vi er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Vi har eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, prega av høg fagleg kvalitet og eit sterkt engasjement for barnas beste.
Vi søker motiverte barnehagelærarar som ønsker å vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar for barna i barnehagen vår. Du er relasjonsorientert og opptatt av å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Du har eit ekte engasjement for barns leik, læring og utforsking, og ser verdien av å vere ein tydeleg og trygg vaksen som deltar aktivt i barnas kvardag.
Gjennom refleksjon og fagleg utvikling skapar vi gode kvardagar for både barn og tilsette. Erfaringsdeling og kompetanseheving står sentralt hos oss. Livsmeistring og helse er hovudsatsingsområdet vårt, og barnehagane samarbeider tett for å dele idear og inspirere kvarandre. Vi har "Inkluderande leike- og læringsmiljø" som utviklingsprosjekt for barnehagane.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus+. Alle tilsette kan søke om å delta på studieturar og besøke barnehagar i andre land. Dette samarbeidet gir verdifull moglegheit for fagleg utvikling, inspirasjon og refleksjon rundt eigen praksis i møte med barnehagar og utdanningsinstitusjonar internasjonalt.
Synest du dette høyrest spennande ut, og ser du på deg sjølv som ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar, ønsker vi deg velkomen til å søke stilling hos oss.
ArbeidsoppgåverSom barnehagelærar skal du:
Vere ein aktiv og engasjert bidragsytar i det daglege arbeidet i barnehagen
Medverke positivt til eit trygt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
Planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar som fremmar barns leik, læring og heilskaplege utvikling
Sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og gi omsorg, støtte og rettleiing etter behov
Observere barns utvikling, dokumentere framsteg og kartlegge behov, samt samarbeide med andre instansar ved behov
Ha jamleg og god dialog med føresette om barnas trivsel, utvikling og kvardag i barnehagen
Arbeide tett saman med kollegaer for å skape eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
Legge til rette for at alle barn, uavhengig av bakgrunn og føresetnader, får delta aktivt i fellesskapet og oppleve meistring
Halde deg fagleg oppdatert og bidra til kontinuerleg utvikling av barnehagen
KvalifikasjonarGodkjend barnehagelærarutdanning
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er:
Ein fagleg dyktig og engasjert barnehagelærar med eit sterkt fokus på barnets perspektiv
Opptatt av å sjå og ivareta kvart einskilt barn
Ein trygg og omsorgsfull vaksenperson med evne til å vise empati, tolmod og forståing for barns behov og kjensler
Positiv, leiken og til stades i barnas kvardag
Ein god lagspelar med sterke samarbeidsevner og trivst med å arbeide i team
Tydeleg og trygg i kommunikasjonen med barn, føresette og kollegaer
Ansvarsbevisst, påliteleg og strukturert i arbeidet
Fleksibel og løysingsorientert, med evne til å handtere ulike situasjonar og tilpasse deg endringar
Raus og respektfull i møte med både barn, føresette og kollegaer
Vi tilbyrEin variert, spennande og engasjerande arbeidskvardag
Eit inkluderande, trygt og støttande arbeidsmiljø med imøtekommande og dyktige kollegaer
Eit sterkt fagleg fellesskap med høg kvalitet, der det blir lagt til rette for refleksjon, fagleg utvikling, støtte og rettleiing
Systematisk rettleiing og god oppfølging for nyutdanna barnehagelærarar
Stabile barnegrupper og gode rammer for kvalitetsarbeid i kvardagen
Fokus på både fagleg og personleg utvikling
Moglegheit for deltaking i internasjonale utvekslingsturar gjennom Erasmus+
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode og trygge pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonRagnhild Steimler Åsheim, Seksjonsleiar, 55974944
ArbeidsstadJonas Lies vei 59
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5187579351
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 14.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.