Vikar - Klepp barnevernsteneste
Oppvekstsjef, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge
- مكان العمل
- KLEPP، KLEPPE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 09/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.
ArbeidsoppgåverSaksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova
Samtalar med barn, unge og foreldre
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak
Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta
Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som:
Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet
Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar
Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet
God norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Har førarkort klasse B
Personlege eigenskaparFor å trivast hos oss trur vi at du:
Har engasjement for barn, unge og familiar
Skaper tillit og gode relasjonar
Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert
Tek ansvar og viser initiativ
Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur
Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven.
Vi tilbyrEi meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer
Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta
Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet
Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
KontaktinformasjonJette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005
ArbeidsstadOlav Hålands Veg 2
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5199495697
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 09.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.