شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rektor Tonstad skule

Sirdal kommune Tonstad skule

مكان العمل
SIRDAL، TONSTAD، AGDER
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
18‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Bli med og styrk Sirdalsskulen! Sirdal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor ved Tonstad skule, som gjennom samarbeid og samhandling ønskjer å styrkja Sirdalsskulen. Dette er eit unikt høve for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av elevane. Rektor rapporterer til verksemdsleiar for skule og opplæring. Tonstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Sirdal kommune med om lag 180 elevar. Skulen har 44 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt på Tonstad, i nærleiken av idrettshall, fotballhall og kulturhus. Skulen har moderne lokale, med ein innbydande aula og eit bibliotek der skulen samlast. Skulen har gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap. Leiinga ved skulen består av rektor, assisterande rektor og SFO-leiar. Ved Tonstad skule arbeider vi for å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø der alle elevar opplever meistring, trivsel og utvikling. Skulen arbeider for å vera ein lærande organisasjon der profesjonsfellesskapet står i sentrum. Det systematiske arbeidet med læringsmiljøet blir styrkt gjennom tema som mellom anna klasseleiing, elevmedverknad, vurdering og pedagogisk praksis. Lesing og leik/uteskule er område skulen satsar på. Som rektor blir du ein del av eit fagleg sterkt rektorkollegium, leia av verksemdsleiar for skule og opplæring.   Arbeidsoppgåver: · Leia og vidareutvikla den pedagogiske verksemda ved skulen, med elevane si læring, meistring og trivsel i sentrum. · Skapa ein tydeleg, inkluderande og lærande organisasjon prega av samarbeid, tillit og profesjonsfellesskap. · Sikra eit trygt og godt læringsmiljø og følgja opp skulen sitt arbeid med inkludering, fellesskap og elevmedverknad. · Ivareta ansvaret for personalet ved skulen, arbeidsmiljøet og kompetanseutviklinga. · Leia utviklingsarbeidet ved skulen og sikra systematisk kvalitetsoppfølging i tråd med lovverk, læreplanverk og lokale mål. · Forvalta ressursane ved skulen på ein målretta og ansvarleg måte, med vekt på kvalitet i opplæringa. · Byggja gode relasjonar og samarbeida tett med elevar, føresette, tilsette, skuleeigar og andre samarbeidspartnarar. · Ivareta økonomi- og resultatkontroll.   Ønskte kvalifikasjonar: · Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring. · Du har erfaring frå offentleg grunnskule. · Du har erfaring med og kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling. · Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning, eller er villig til å starte vidareutdanning innan leiing innan to år etter tilsetjing. · Du har kunnskap om og erfaring med digital praksis.   Personlege eigenskapar: · Du involverer gjennom eit profesjonelt lærande fellesskap og har gjennomføringsevne. · Du har god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk. · Du leier med ro og tryggleik. · Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd. · Du kommuniserer godt, legg til rette for samarbeid og skapar gode relasjonar på alle nivå. · Du er oppteken av dialog og har ein verdsetjande måte å leia dei tilsette på. · Du er fleksibel, lojal og har godt humør. · Du arbeider sjølvstendig, målretta og strukturert. Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna. Den som blir tilsett, må leggja fram godkjend politiattest før tilsetjing, jf. § 17-11 i opplæringslova.   Om arbeidsgivaren Sirdal kommune søkjer rektor til Tonstad skule. Kommunen står i ein unik og samansett økonomisk situasjon, med sterke finansielle rammer, høge inntekter frå kraftressursar og låg lånegjeld. Samtidig står kommunen framfor eit skifte der vi må styra kostnadene smart og rigga økonomien for framtida. Med fokus på bustadattraktivitet, kunnskap og læring, samarbeid og samhandling skal vi møte samfunnsutfordringane Sirdal står overfor.   Søknadfrist: 18.10.2026 Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.