Vil du bli vår nye maskinsjef?
Maritim Drift, Fjord1 AS
- مكان العمل
- MOLDE، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen.
Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap.
Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur.
Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
ArbeidsoppgåverTeknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
Opplæring av personell under si leiing.
Oppgåver knytt til alarminstruks.
Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
KvalifikasjonarMinimum M3-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyrVi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter.
Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km.
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt.
Treningsmoglegheiter om bord.
KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
Arbeidsstad
6411 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5126802066
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.