شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vi søker teknisk inspektør til vårt team i Florø

Fjord1 AS

مكان العمل
KINN، FLORØ، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i  selskapet. I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy. Du vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg.  Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer.  I fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. For rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast.   Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter! ArbeidsoppgåverDu vert ansvarleg for eiga fartøyportefølje, der oppfølging og kvalitetssikring er sentralt for å sikre at fartøya er teknisk operative til ei kvar tid.  Teknisk oppfølging av fartøy. Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald. Oppfølging av vedlikehaldssystem. Tett dialog med skipsførar og mannskap for planlegging og koordinering av oppgåver. Budsjett- og økonomioppfølging. Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap. Reiseverksemd i samband med fartøybesøk og verkstadopphald.  Kven ser vi etter?Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss tar du ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne. For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har: maritim bakgrunn, som maskinist eller offiser høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg god kompetanse og er komfortabel med bruk av it som arbeidsverktøy struktur og er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar erfaring fra vedlikehandsystem som Amos eller Unisea- ikkje eit krav, men det vil vere ein stor fordel i opplæringa Gode grunnar til å velge oss!Som teknisk inspektør hos fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.  Teamet i Florø er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss!  Søk no, og bli ein viktig del av fjord1! KontaktinformasjonLeif Arne Hundeide, Teamleiar teknisk, 46811320, leif.arne.hundeide@fjord1.no Geir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855 Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023 ArbeidsstadStrandavegen 15 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5201232678 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i  selskapet. I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy. Du vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg.  Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer.  I Fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. For rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast.   Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter! ArbeidsoppgåverDu vert ansvarleg for eiga fartøyportefølje, der oppfølging og kvalitetssikring er sentralt for å sikre at fartøya er teknisk operative til ei kvar tid.  Teknisk oppfølging av fartøy. Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald. Oppfølging av vedlikehaldssystem. Tett dialog med skipsførar og mannskap for planlegging og koordinering av oppgåver. Budsjett- og økonomioppfølging. Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap. Reiseverksemd i samband med fartøybesøk og verkstadopphald.  Kven ser vi etter?Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss tar du ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne. For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har: maritim bakgrunn, som maskinist eller offiser høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg god kompetanse og er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy struktur og er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar erfaring fra vedlikehandsystem som Amos eller Unisea- ikkje eit krav, men det vil vere ein stor fordel i opplæringa Gode grunnar til å velge oss!Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.  Teamet i Florø er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss!  Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1! KontaktinformasjonLeif Arne Hundeide, Teamleiar teknisk, 46811320, leif.arne.hundeide@fjord1.no Geir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855 Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023 ArbeidsstadStrandavegen 15 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5201232678 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.