Ringevikar
Vindafjord kommune Oppvekst
- مكان العمل
- VINDAFJORD، SKJOLD، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 31/12/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- Annet
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Bli ringevikar i Skjold barnehage!
Me har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø?
Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam.
Me kan tilby:
Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di.
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
Du har lyst og interesse for å arbeide med barn.
Du er personleg eigna for å jobba i barnehage.
Erfaring med å jobba med born er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar:
Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide med fleire aldersgrupper.
Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kolleger.
I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk.
Personlege egenskaper vert vektlagt.
Andre opplysningar:
Skjold barnehage har åtte avdelingar, og ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
Me har eit aktivt og engasjert personale, med fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.