Medisinstudent med lisens
PBU, BUP Voss, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå 01.01.27 til 31.12.27 har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag 16 000 innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.
ArbeidsoppgåverLegeundersøkingar av pasientar
Medisinkontrollar
Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling
KvalifikasjonarFor stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens eller norsk autorisasjon
Særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Personlege eigenskaparDu har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Høg fagleg og fagetisk medvit
Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyrLønn iht gjeldande overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø
Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
Rettleiing av overlege
Delvis fleksibel arbeidstid
Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
Nye og flotte lokale
Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarianne Stordal Røynesdal, Seksjonsleiar, +47 90736587
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194044839
Stillingsprosent: 30%
Engasjement
Søknadsfrist: 27.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.