شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Høgskuleutdanna behandlar

ISP Dag, Helse Førde

مكان العمل
SOGNDAL، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
08‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027. Anna oppstartstidspunkt kan avtalast. Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) med seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. Hos oss møter du eit tverrfagleg fagmiljø med tilsette frå ulike profesjonar og fagområde. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av kompetanse og funksjonar, og arbeider saman for å gi pasientane eit heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod. Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar og rusavhengigheit. Vi har òg behandlingstilbod til innsatte i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar. Vi har faste fag- og teammøte der erfaringar, informasjon og fagleg utvikling står sentralt. Dei tverrfaglege teama gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet. Det blir lagt til rette for kompetanseheving, og organisasjonen har eit tydeleg fokus på kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling. Vertskommunen vår er Sogndal, og opptaksområdet omfattar om lag 30 000 innbyggjarar. Indre Sogn er kjent for storslått natur med fjord, fjell og varierte friluftsmoglegheiter året rundt. Her ligg det godt til rette for ein aktiv fritid, enten du trivst best på fjellet, på ski eller ved fjorden. Les meir om regionen. ArbeidsoppgåverUtgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit  Planleggje og gjennomføre behandling med utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov og medverknad Samarbeide med og følgje opp pårørande ved behov Samarbeide med relevante samarbeidspartar i kommune- og spesialisthelsetenesta Poliklinisk og ambulant arbeid KvalifikasjonarHelse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, gjerne med relevant vidareutdanning. Søkarar som er i gang med relevant vidareutdanning, vert òg oppmoda til å søkje. Erfaring frå arbeid med personar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er eit krav. Førarkort klasse B er ønskjeleg. Søkarar frå land utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskaparSjølvstendig og ansvarsbevisst God relasjonskompetanse Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Motivert for fagleg utvikling og læring Vi tilbyrLønn etter gjeldande avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  KontaktinformasjonØyvin Helge Myrmel, Adm.sjef, (+47) 415 30 396 ArbeidsstedDalavegen 29 6856 Sogndal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5197798110 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.