شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Miljøterapeut/helsefagarbeidar i Victoriahagen

Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand

مكان العمل
SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
29‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
3

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du ha ein jobb der du får vere tett på menneske og gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira?  Victoriahagen er ein del av Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune. Me gir tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov, og arbeider for å skape trygge, meiningsfulle og utviklande kvardagar for den enkelte.   No søkjer me fleire nye kollegaer som ønskjer å vere med på laget vårt til stillingane som er ledig frå dags dato:    Fast tilsetjing: 1 x 70 % miljøterapeut  1 x 65,7 % nattevakt 1 x 84,51 % nattevakt  Turnusordninga for miljøterapeut inneber 13 timars vakter i kombinasjon med korte kveldsvakter. For nattevaktene vil det vere 10-timars vakter. Oppstart etter avtale.  Korleis er det å jobbe i Victoriahagen?  Hjå oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider målretta for å gi gode tenester og auka livskvalitet til brukarane våre. Me legg vekt på relasjonar, meistring, aktivitet og individtilpassa oppfølging.  Me ynskjer å gi deg en best mogleg start hjå oss, og du vil difor få ein eigen mentor det fyste året ditt i stillinga. Målet vårt er å ha eit lag som samarbeider tett, støttar kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Samtidig får du stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra med eigne idéar.  Arbeidsoppgåver: Arbeidsoppgåvene vil variere noko mellom stillingane, men kan mellom anna omfatte:  Målretta miljøarbeid og individuell oppfølging  Personleg assistanse og praktisk bistand  Opplæring og rettleiing i dagleglivet  Samarbeid med pårørande og andre fagpersonar  Dokumentasjon og fagleg oppfølging  Legemiddelhandtering etter kompetanse og fullmakt  Primærkontakt- og koordinatoroppgåver ved behov  Aktiv deltaking i fagutvikling og kvalitetsarbeid  Arbeidet ved nattestillingane omfattar særleg oppfølging og trygging av brukarane gjennom natta samt helsefagoppgåver.  Kven ser me etter?  For miljøterapeut-stillinga: Du har relevant 3-årig helse-, sosial- eller pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet.  For nattevaktstillingane må du være autorisert helsefagarbeidar eller 3-årig helsefagleg utdanning. For alle stillingane ønskjer me at du:  Er trygg i møte med menneske  Er sjølvstendig og ansvarsbevisst  Samarbeider godt med andre  Bidreg til eit godt arbeidsmiljø  Ønskjer å vere med og utvikle tenestene våre  Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.  Me vil gjerne høyre frå deg så fort som mogleg, ettersom me gjennomfører intervju fortløpande. Me tilbyr:  Meiningsfulle arbeidsdagar der du ser resultat av arbeidet ditt  Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer  Fagleg utvikling og rettleiing  Varierte arbeidsoppgåver  Løn etter tariff  Gode pensjons- og forsikringsordningar  Gratis overnatting mellom vaktene Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Sogndal kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller hol i CV-en.  Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det kan bli aktuelt med prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk.  I samsvar med offentleglova kan namnet ditt bli offentleggjort sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.  Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.