شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Legdige stilling som helsefagarbeidar ved Eide helsetun

Ullensvang kommune Eide helsetun

مكان العمل
ULLENSVANG، ODDA، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
16‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
6

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vera med og skapa gode dagar for våre bebuarar? Eide Helsetun er ein av sjukeheimane i Ullensvang kommune og ligg sentralt til i Odda. Sjukeheimen har moderne og trivelege fasilitetar, eit godt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar som kvar dag arbeider for å gje bebuarane våre trygge og gode tenester. No søkjer vi etter fleire medarbeidarar til vikariat i ulike stillingsstorleikar. For dei rette kandidatane kan det på sikt vera moglegheit for fast tilsetjing. Vi har fylgjande faste stillingar: 3 stillingar à 100% som helsefagarbeidar 86% stilling som helsefagarbeidar 80% stilling som helsefagarbeidar 50% stilling som helsefagarbeidar Stillingane innehalder arbeid i turnus, med dag, kveld, og helg. Nattevakter jobber vanligvis kun natt. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorg til bebuarar Bidra til å skapa tryggleik, trivsel og aktivitet Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre faggrupper Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling Kvalifikasjonar Vi ønskjer søkjarar med: Autorisasjon som helsefagarbeidar, ufaglærte kan og søka. Studentar innan helse- og sosialfag Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - B2 Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi ser etter deg som Er omsorgsfull og trygg i møte med mennesker Er ansvarsbevisst og løysingsorientert Har gode samarbeidsevner Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Er fleksibel og ønskjer å utvikla deg fagleg Vi tilbyr Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Moderne og trivelege arbeidslokale Faglege utfordringar Opplæring og rettleiing Løn etter gjeldande avtaleverk Moglegheit for fast tilsetjing kan bli aktuelt Oppstart Etter avtale Velkomen som søkjar – vi ser fram til å høyra frå deg!   Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.