Ledig 100% fast stilling som rektor på Brakanes skule
Ulvik Herad Oppvekst
- مكان العمل
- ULVIK، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 02/12/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med og løfte skulen vår?
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor
Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?
Då kan du vere den nye rektoren vår!
Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn.
Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede.
Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.
Arbeidsoppgåver
Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:
leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbyte
bruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
leie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø
vidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilrettelegging
byggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidarane
sikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn
Kvalifikasjonar og eigenskapar
krav om godkjend lærarutdanning
har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling
har forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeid
har kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljø
er ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiar
evnar å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andre
har gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar
Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.
Me tilbyr
ei meiningsfull og spennande leiarstilling
høve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utvikling
ein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresette
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.