Saman skapar me gode dagar
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
- مكان العمل
- SULDAL، SAND، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Suldal Bu- og Aktivitet søkjer helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar til avlastingsbustad/bustad for born og unge.
Me har ledig:
100 % vikariat i døgnturnus frå 01.01.2027 til 31.12.2027
Om stillinga
Dei tilsette arbeider i faste team. Som team samarbeider de tett gjennom heile vakta og over fleire døgn. Turnusen er organisert med to til tre døgn på jobb etterfølgt av ei veke fri med arbeidshelg kvar fjerde helg. Gode relasjonar og samarbeid er derfor viktig både for tenestemottakar og arbeidsmiljøet.
Det er eige soverom for tilsette i bustaden, og det er lagt til rette for kvile og søvn om natta.
Arbeidsoppgåver
Leggja til rette for aktivitet, meistring og utvikling
Bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag
Samarbeida med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidar/barn- og ungdomsarbeidar
Erfaring frå arbeid med born og unge med funksjonsnedsetjingar er ein fordel
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt. Me ser difor etter deg som:
Har gode samarbeidsevner og trivst med tett teamarbeid
Byggjer gode relasjonar til tenestemottakar, pårørande og kollegaer
Er omsorgsfull, tolmodig og løysingsorientert
Kommuniserer ope og respektfullt med teammedarbeidar
Er stabil, påliteleg og tek ansvar for felles oppgåver i teamet
Me tilbyr
Ei meiningsfull stilling der du gjer ein forskjell
Arbeid i faste team med to medarbeidarar
Døgnturnus med gode periodar med samanhengande fritid
Eige soverom og tilrettelagde kvileforhold under døgnvaktene
Dyktige og engasjerte kollegaer
Opplæring og fagleg støtte
Løn etter gjeldande tariffavtale
Vil du bli ein del av laget vårt? Me gler oss til å høyra frå deg!
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.
Anne Egebjerg, einingsleiar 91157290
Karoline H. Nordmark , avdelingsleiar 45297073
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.