Spesialpedagog/lærar
Høyanger kommune Høyanger skule/SFO
- Arbeidssted
- HØYANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Høyanger skule har ledig 100 % stilling som spesialpedagog/lærar frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for tilrettelagt undervisning.
Kvalifikasjonar:
• Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen
• Det er elles nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, grunnleggjande matematikk (inkludert programmering) samt engelsk for ungdomsskulen.
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.
Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt
• Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter
• Særleg god relasjonskompetanse
• Positivitet
• Fagleg engasjement
• Fleksibilitet
• Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.