شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Leiar for oppvekst- og kultur

Solund kommune Oppvekst og kultur

مكان العمل
SOLUND، HARDBAKKE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
26‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Solund kommune jaktar ein strategisk og utviklingsorientert leiar som kan vere med på å sikre gode oppvekstvilkår og eit sterkt lokalsamfunn. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og stillinga krev difor fleksibilitet. For at du skal trivast må du vere utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide på tvers av tenester og sektorar. Som sektorleiar har du det overordna faglege ansvaret for oppvekst og kultur. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ein sentral rolle i utviklinga av kommunen. Til stillinga ligg ansvaret som kommunal barnehage- og skuleeigar. I tillegg har du ansvaret for kulturskule, bibliotek, førebuande opplæring for vaksne, norskopplæring for vaksne innvandrarar og drift av den kommunale ungdomsklubben. PPT og barnevern er ein del av sektoren gjennom interkommunalt samarbeid. Oppvekst- og kultur området står framfor viktige utviklings- og omstillingsprosessar. Du skal setje retning, prioritere og sørge for at tenestene utviklar seg i tråd med måla og behov. Samtidig skal du bidra til god ressursbruk, høgkvalitet og godt samarbeid mellom tenestene. Det høyrer ikkje ein eigen stab til sektoren, og du må difor vere god på å arbeide på eiga hand, samstundes som du må samarbeide godt med barnehagestyrar, rektor, kulturskulerektor og biblioteksjef. BTI (Betre tverrfagleg innsats) er eit viktig satsingsområde i Solund. Saman med leiar for helse- og omsorgssektoren og BTI-koordinatoren utgjer du prosjektgruppa i kommunen.   Stillinga inneber mellom anna: Leie og utvikle oppvekst- og kulturområdet med tydeleg retning og struktur Utvikle og støtte leiarane i sektoren Følgje opp og forbetre resultat innanfor læring, trivsel og kvalitet Sikre god økonomistyring i sektoren Styrke samarbeidet på tvers av tenester og sektorar Enkeltvedtak etter barnehagelova og opplæringslova Utarbeide saksframlegg til politisk nivå, og oppfølging av politiske vedtak Bidra i ulike regionale samarbeid innanfor oppvekstfeltet Administrator for ulike fagsystem Personalansvar   Organisasjonen er i endring, og ansvarsområda og oppgåver kan endre seg etter kvart.   Kvalifikasjonar: Utdanning på høgskule/universitetsnivå. Styrar-/rektorskule vil vere ein føremon Det vil bli lagt stor vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar ved tilsetjinga. Kjennskap til aktuell lovgiving og offentleg forvalting og forståing for kommunale prosessar (viktig å forstå kva det vil sei å arbeide i ein politisk styrt organisasjon) det finst sikkert ei betre formulering. Leiarerfaring og praksis frå oppvekstsektoren er ein fordel. Evne til å legge til rette for ein open og tillitsfull dialog mellom ulike samarbeidsaktørar. Vi tilbyr Ei meiningsfull og utviklingsorientert leiarstilling Moderne undervisningslokale Engasjerte tilsette Leiarstøtte og korte beslutningsliner i organisasjonen Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, du kan lese meir om det her Du kan søkje om å få stetta studielån frå lånekassen dersom du bur i en kommune med sentralitetsklasse 6. Les meir om stetting av studielån her Ein kvardag tett på natur, sjø og friluftsliv Søknad Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. Offentleg søkjarliste: Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren  bli varsla før offentleggjering.     Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.