Helsefagarbeidarar
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
- مكان العمل
- STRANDA، HELLESYLT، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.
Vi har ledig
100% fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.12.26
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.
Kvifor velge oss:
Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
God variasjon i oppgåver og utfordringar
Fokus på trivsel og arbeidsglede
Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
Muligheit for vidareutdanning med støtte
Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
God fastløn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
ArbeidsoppgåverHeimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
Medikamenthandtering
Dokumentasjon
Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
KvalifikasjonarErfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
Utdanning som helsefagarbeidar
Alminnelege datakunnskapar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Førarkort kl B
Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.
Personlege eigenskaparFleksibel og løysingsorientert
Trygg og Omsorgsfull
Evne til å arbeide sjølvstendig
Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
Likar utfordringar
Ønske om kompetanseutvikling
Interesse for faget
Vi tilbyrI stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
KontaktinformasjonElisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183
ArbeidsstadHellesyltvegen 17
6218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5201253160
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.