شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

100% vikariat som kantor/kyrkjemusikar i Sauda

Sauda kyrkjelege fellesråd

مكان العمل
SAUDA، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
Snarest
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda? Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling. Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter. Me søkjer nokon som kan tiltre 1. januar 2027 og jobba fram til 13. juni 2027. Vår fast tilsette organist kan eventuelt dekka påske i denne perioden, dersom søkjaren ønskjer ferie i denne perioden. Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, it, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc. Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med. Bygg og instrument Sauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano. I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer). Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano. Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer. Arbeidstid Tre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar. Arbeidsoppgåver Planlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab Leia og utvikla konsertar og annan kulturell verksemd Orgelundervisning Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar Ansvar for instrument Delta i stabsmøte samt noko administrativt arbeid (ikkje mykje) Hjelpa til i øvrig arbeid, etter tid og evne Kvalifikasjonar Kyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar Medlem av Den norske kyrkja Politiattest Beherskar norsk munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel Må disponera bil eller sykkel Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og fleksibilitet Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig Me tilbyr Fleksibel arbeidstid Eige kontor på Sauda kyrkjekontor Løn og godtgjersle etter ka-tariff og pensjonsordning i KLP Gode øvingslokale og instrument Hjelp til å finna mellombels bustad (Sauda har låge leigeprisar og korte avstandar)
النص الأصلي للإعلان
Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda? Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling. Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter. Me søkjer nokon som kan tiltre 1. januar 2027 og jobba fram til 13. juni 2027. Vår fast tilsette organist kan eventuelt dekka påske i denne perioden, dersom søkjaren ønskjer ferie i denne perioden. Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, IT, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc. Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med. Bygg og instrument Sauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano. I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer). Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano. Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer. Arbeidstid Tre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar. Arbeidsoppgåver Planlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab Leia og utvikla konsertar og annan kulturell verksemd Orgelundervisning Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar Ansvar for instrument Delta i stabsmøte samt noko administrativt arbeid (ikkje mykje) Hjelpa til i øvrig arbeid, etter tid og evne Kvalifikasjonar Kyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar Medlem av Den norske kyrkja Politiattest Beherskar norsk munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel Må disponera bil eller sykkel Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og fleksibilitet Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig Me tilbyr Fleksibel arbeidstid Eige kontor på Sauda kyrkjekontor Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP Gode øvingslokale og instrument Hjelp til å finna mellombels bustad (Sauda har låge leigeprisar og korte avstandar)
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.