Lærar
Luster kommune Luster oppvekstsenter
- مكان العمل
- LUSTER، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon:
100 % vikariat som lærar i tida 07.12.2026-19.03.2027
Ønska kvalifikasjonar:
Pedagogikkutdanning (1-7 lærar) eller liknande utdanning
Personlege eigenskapar og erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
gode samarbeidsevner
tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
ansvarsfull og lojal
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me kan tilby:
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar:
Tilsette må levere politiattest
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.