شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar

Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF

مكان العمل
VOLDA، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
20‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg! Vi har ledig eit vikariat, arbeid 2. eller 3.kvar helg.  Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske og urologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega. ArbeidsoppgåverDag-og kveldsvakter 2. eller 3.kvar helg Stell og pleie av ulike pasientgrupper Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke Sjukepleie til palliative pasientar KvalifikasjonarSjukepleiestudent Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper Du medverker til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet. Les meir om Volda her.  KontaktinformasjonJulianne Hovden, Seksjonsleiar, 70058389, julianne.hovden@helse-mr.no ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5206011082 Stillingsprosent: 20% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 20.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.