Rekneskapsrådgjevar – Økonomitenesta i Ottadalen
Vågå Kommune Økonomitenesta I Ottadalen
- مكان العمل
- LOM، INNLANDET
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 31/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med og byggje opp den nye Økonomitenesta i Ottadalen? Vi søkjer ein engasjert rekneskapsrådgjevar som ønskjer å bidra til utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen.
Arbeidsstaden kan vere Vågå, Lom eller Skjåk, og det vil vere mogleg å ha arbeidsstad ved fleire av kontora etter avtale. Stillinga er tilsett i Vågå kommune, som er vertskommune for den interkommunale Økonomitenesta i Ottadalen.
Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.
Om Økonomitenesta i Ottadalen
Økonomitenesta i Ottadalen er eit nyoppretta interkommunalt samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk kommunar, med Vågå kommune som vertskommune. Vi er i gang med å byggje opp ei felles økonomiteneste som skal levere gode og effektive økonomitenester til alle dei tre kommunane.
Tenesta består av 11,5 årsverk og har eit breitt fagområde. Vi arbeider mellom anna med rekneskap, økonomioppfølging og controlleroppgåver, lønn, fakturering, fakturamottak, innfordring, rapportering og internkontroll.
Vi er opptekne av å skape ei moderne og robust økonomiteneste med høg kvalitet, gode fagmiljø og effektive arbeidsprosessar.
Arbeidsoppgåver
Som rekneskapsrådgjevar i Økonomitenesta vil du få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan rekneskap og økonomi. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
løpande rekneskapsføring
avstemming av rekneskap og balansekontoar
oppfølging og kvalitetssikring av rekneskapsdata
arbeid med periode- og årsavslutning
samarbeid med lønnsfunksjonen og oppgåver knytt til lønnsområdet ved behov
samarbeid med dei andre fagområda i Økonomitenesta
rettleiing og oppfølging av leiarar og andre tilsette i kommunane
bidra til gode rutinar, internkontroll og effektiv arbeidsflyt
digitalisering av arbeidsprosessar
Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov.
Oppgåvene vil kunne bli tilpassa kompetansen og erfaringa di. Som del av ei nyetablert teneste vil du også få høve til å påverke korleis vi organiserer og utviklar arbeidsprosessane våre.
Vi ser etter deg som
har relevant høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
har god forståing for rekneskapsfaget
tek ansvar for eigne oppgåver og leveransar
trivst med samarbeid og deling av kompetanse
har gode digitale ferdigheiter
· har god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.
Det er ein fordel om du har erfaring frå kommunal sektor, men dette er ikkje eit krav.
Som person er du
engasjert og initiativrik
strukturert og nøyaktig
løysingsorientert og serviceinnstilt
interessert i å bidra til utvikling og digitalisering av nye arbeidsprosessar og rutinar
sjølvstendig og handterar periodar med høgt arbeidspress
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, fagleg engasjement og vilje til å bidra i eit nytt og utviklingsorientert fagmiljø.
Bli med og byggje Økonomitenesta i Ottadalen
**Arbeidsstad:**Vågå, Lom eller Skjåk
Arbeidsgjevar: Vågå kommune**Stillingsstorleik:**100 %
Tilsetjing: Fast
Økonomitenesta i Ottadalen er ei nyetablert teneste, og vi har eit spennande arbeid framfor oss med å utvikle ein felles organisasjon og gode tenester for tre kommunar, tre kyrkjelege råd og to frivilligsentralar.
Hos oss får du høve til å vere med frå starten og påverke utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste på tvers av kommunegrensene.
Vi ønskjer å byggje eit fagmiljø der vi deler kompetanse, hjelper kvarandre og har fokus på kvalitet og gode løysingar.
Vi har medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring, og ønskjer å utvikle eit miljø med høg fagleg kompetanse, godt samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
ein spennande jobb i ei nyetablert interkommunal økonomiteneste
eit breitt og variert arbeidsfelt
eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar
høve til å påverke og utvikle arbeidsprosessar og rutinar
moglegheit for arbeidsstad i Vågå, Lom eller Skjåk
lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP
arbeid på dagtid og fleksitid
høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
Referansar vil bli innhenta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vil du vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen? Då håpar vi å høyre frå deg.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.