شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar/paramedisinar

Interkommunale helsetenester, Stad kommune

مكان العمل
STAD، NORDFJORDEID، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Kjenn pulsen på Nordfjord - bli ein del av oss på Nordfjord legevakt! Likar du at ingen dagar er like? At du kan gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Er du sjukepleiar eller paramedisinar som trivst i akutte situasjonar og når kompetansen din kjem til nytte?  Interkommunale helsetenester (IKHT) i Nordfjord er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord, og dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (gamle Vågsøy kommune), med til saman 22 500 innbyggjarar.  Stad kommune er vertskommunen for Nordfjord legevakt, og er lokalisert ved Nordfjord sjukehus. Interkommunale helsetenester: Legevaktformidling 116117 Legevakt Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD)  På IKHT jobbar du tett saman med lege, sjukepleiar og anna helsepersonell. Interkommunale helsetenester har ledig: Ei 82 % stilling der 38 % er fast stilling og 44 % er vikariat inkludert 10 % frie timar, frå 15.10.26 til 20.08.27. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid på to av sju helgar med langvakter. Eit 25 % vikariat helg frå oktober 2026 til 08.08.27 Er du ute etter faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personleg utvikling? Då er dette jobben for deg! ArbeidsoppgåverTriagering, rådgiving og rettleiing på legevakt-telefon 116117 Mottak, vurdering og behandling av pasientar på legevakt Pasientoppfølging og pleie av pasientar på ØHD Akutte vurderingar i tett samarbeid med lege, AMK og ambulanseteneste KvalifikasjonarSjukepleiar eller paramedisinar med interesse for akuttmedisin Liker å bruke breiddekompetansen i faget Kan ta eigne vurderingar og jobbe i ein uføresett arbeidskvardag Er løysningsorientert og likar tverrfagleg samarbeid Har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg Erfaring frå akuttmedisin - legevakt, akuttmottak eller ambulanseteneste er ein fordel. Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege.  Personlege eigenskaparDu arbeider godt både sjølvstendig og i team  Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande Du trivast i ein jobb der ingen dagar er like Du tek medansvar for eit godt arbeidsmiljø Du er ryddig og held orden rundt deg Du tilegner deg relevant fagleg kunnskap Vi tilbyrEin variert arbeidskvardag  Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel, der ein har høve til å opparbeide seg brei helsefagleg kompetanse Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter Sjukepleiar i turnus gjev eit rekrutteringstillegg på kr. 30.000 over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap. 4. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar Om du ynskjer 100 % stilling: Vi samarbeider med dei andre einingane i helse og omsorg slik at du kan jobbe i anna eining med samordna turnus.  Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Vi håpar at nettopp du søkjer og blir vår nye kollega på Interkommunale helsetenester Nordfjord. KontaktinformasjonTerje Andre Drage, Avdelingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, Terje.Andre.Drage@stad.kommune.no ArbeidsstadSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5182278137 Stillingsprosent: 82, 25% Fast, Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.