Lærarvikar 2026-27 - inntil 100% stilling
Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
- مكان العمل
- VANYLVEN، ÅHEIM، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 07/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi har ledig lærarvikariat ved Åheim skule ut skuleåret. Stillinga omfattar i hovudsak undervisning i engelsk i ungdomstrinnet, i tillegg til individuell tilrettelagt opplæring for elevar i faga norsk, engelsk og matematikk. Har du tysk i fagkretsen, så er det ein fordel. For snarleg tilsetting.
ArbeidsoppgåverVi ønskjer lærarar med god kompetanse i klasseleiing og fag, gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit sterkt profesjonsfellesskap.
Åheim skule har behov for lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vikariatet er 100% stilling, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide i redusert stilling.Kvalifikasjonar- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 eller praktisk -pedagogisk utdanning (PPU)
- ønskjeleg med minimum 30 eller 60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning kan bli vurdert
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- god kompetanse i norsk, både munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vil blir vektlagde ved intervju og referanse
Personlege eigenskapar- er utviklings- og løysingsorientert
- er ein tydeleg, robust og trygg klasseleiar
- tenkjer heilskapleg om elevane sitt oppvekst- og læringsmiljø
- er omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
- planlegg og gjennomfører undervisning med god kvalitet
- har god vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt samarbeid mellom skule og heim
Tilsetjing skjer med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyrLøn og tilsetjing på kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Vanylven kommune tilbyr gode rekrutteringstillegg (jfr. lønspolitisk plan) og gode pensjonsordningar.
Søknad skal sendast via kommunen sitt elektroniske søknadssystem. CV skal registrerast i søknaden. Vi ber om at du gir opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
KontaktinformasjonLena Marie Landsverk, Rektor Myklebust skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
ArbeidsstadOspelida 4
6146 Åheim
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5189273745
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.