Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
- مكان العمل
- VINDAFJORD، ØLEN، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 29/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Me søkjer to helsefagarbeidarar i stillingar på 80–100 prosent ved Ølen omsorgssenter på korttid/rehabiliteringsavdelinga.
Hos oss møter du menneske med ulike behov og får bruka både fagkunnskapen og omsorga di. Arbeidsdagane er varierte, og saman med kollegaene dine bidreg du til gode tenester og trygg oppfølging.
Om Ølen omsorgssenter
Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjonen og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med.
På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune.
Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver. Det gir deg som helsepersonell betre høve til å konsentrera deg om dei faglege oppgåvene. Konsulentfunksjonar hjelper mellom anna til med innleige og innkjøp.
Me nyttar pasientvarslingssystem, mellom anna RoomMate, og IKOS-tavler i det daglege arbeidet.
Kva skal du gjera?
Bidra til at pasientar og bebuarar får gode og trygge tenester
utføra helsefaglege oppgåver som kartlegging, mellom anna med NEWS, CFS, MNA, IPLOS og MMS
Diverse oppfølging, pleieplanar, tiltak og medisinhandtering
Rettleia og samarbeida med kollegaer og andre faggrupper
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og til å utvikla tenestene våre
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
God ikt-kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, me nyttar nynorsk som skriftspråk
Er du ferdig med fagbrevet i løpet av våren 2027? Då oppmodar me deg òg til å søkja!
Kven ser me etter:
Du ønskjer å gi gode tenester i eldreomsorga og arbeida med menneske med samansette og varierte hjelpebehov
Er interessert i faget ditt og ønskjer å halda deg oppdatert
Arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
Er løysingsorientert og ser etter måtar å forbetra kvardagen for pasientar, bebuarar og kollegaer på
Trivst med ein arbeidskvardag som til tider kan vera hektisk
Er fleksibel og ser verdien av å samarbeida på tvers av avdelingane
Bidreg til eit arbeidsmiljø der alle blir høyrde og respekterte
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kva kan me tilby?
Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver i eit positivt miljø, god opplæring og samarbeid med andre fagpersonar. Du får faglege utfordringar og høve til å utvikla deg. Arbeidsgivar søkjer kompetansemidlar som kan støtta deg i utdanningsløp.
Me har årsturnus og fleire moglegheiter for vaktordning: Du kan ha langvakter i kombinasjon med ordinære vakter, langvakter berre i helg eller berre ordinære vakter.
Me ønskjer å ha det høgt under taket og kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til ideane dine. Det er viktig for oss at du har eit arbeid som motiverer og engasjerer. Me har og desse tilsettgodene:
Frisk treningssenter tilbyr trening til rabattert pris
Moglegheit til å vere med i bedriftskunstlag og kommunekoret KORe’ Vindafjord
Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Det blir trekt 2 prosent av løna som innskot til pensjonsordninga
Løn og tillegg
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. I tillegg tilbyr me:
10 000 kr i rekrutteringstillegg
500 kr per utført langvakt over 13 timar på lørdag og søndag
1 000 kr per utført langvakt dersom du arbeider over 389 helgetimar ved helgearbeid. Dette gjeld ved arbeid med langvakter kvar tredje helg
Andre opplysningar
Ved arbeid i helse og omsorg skal du leggja fram godkjend politiattest.
Dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månader, skal du leggja fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før du startar i jobben. Personell i helse og omsorg skal òg leggja fram helseopplysningsskjema i samband med MRSA.
Slik søkjer du
Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Dersom du ikkje har dei elektronisk eller i rett format, må du ta dei med til intervju.
Treng du hjelp til å søkja, kan du kontakta servicetorget på telefon 53 65 65 65. Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt med deg før ei eventuell offentleggjering.
Har du spørsmål om stillingane? Ikkje nøl med å ta kontakt. Du kan òg sjå Facebook-sida vår for å bli betre kjend med oss. Me er i utvikling og ønskjer å høyra frå deg som vil vera med og gjera ein forskjell i eldreomsorga!
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان

God IKT-kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.