SFO-medarbeidar
Klepp kommune, Orre skule
- مكان العمل
- KLEPP، ORRE، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 03/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg!
Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027.
Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.
ArbeidsoppgåverSom medarbeidar på SFO vil du mellom anna:
Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
Bidra til eit godt og inkluderande miljø
Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen
KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg
Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje
Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Personlege eigenskaparEr trygg, positiv og omsorgsfull
Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet
Er engasjert og tek initiativ
Er fleksibel og samarbeider godt med andre
Har gode relasjonelle ferdigheiter
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrEin meiningsfull og variert arbeidskvardag
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Moglegheit til å kombinere arbeid med studium
Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale
Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna
KontaktinformasjonKenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216
ArbeidsstadRoslandsvegen 366
4343 Orre
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5197185543
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.