Tannhelsesekretær
IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- BERGEN، ULSET، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Åsane tannklinikk aukar opp bemanninga og søkjer etter tannhelsesekretær til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.
Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
ArbeidsoppgåverSom tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:
utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
utføre røntgentaking
ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling.
KvalifikasjonarDu har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus.
Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som
trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
er positiv og serviceinnstilt
bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre
Vi tilbyrein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
løn etter gjeldande tariff
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
KontaktinformasjonMartine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717, martine.aksnes-aarlie@vlfk.no
ArbeidsstadÅsane Senter 52
5116 Ulset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5202667599
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.