Helsefagarbeidar 50% natt
Sveio kommune
- مكان العمل
- SVEIO، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaVi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.
Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre.
Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen.
Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:
Vestbakken: lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering.
Utsikten: somatisk avdeling og demensgruppe.
Sørbakken: demensavdeling.
Alle avdelingane har i dag langtidsplassar.
Sjå gjerne på Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, med flotte bilete frå kvardagen hos oss.
Arbeidsoppgåverutføre faste tilsyn og observasjonar etter individuelle behov
dokumentere hendingar og observasjonar i journalsystemet
bidra til eit godt og trygt miljø for bebuarar og kollegaer
samarbeide med kollegaer og anna fagpersonell ved behov
følgje gjeldande rutinar og prosedyrar for tryggleik og kvalitet
Kvalifikasjonarautorisasjon som helsefagarbeidar
tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk
førarkort klasse B
Personlege eigenskaparvere fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
halde deg fagleg oppdatert
vere initiativrik
ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig
ha evne til å setje fag, kvalitet og service i fokus
bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar, som er framtidige kollegaer
personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr50 % fast stilling
utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
eit fagmiljø i utvikling som du får vere med på å påverke og utvikle
faste fagdagar og fagmøte
dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
moglegheit for vidareutdanning
løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.