Kjøkkenassistent og vikar i Beito barnehage
Øystre Slidre kommune
- مكان العمل
- ØYSTRE SLIDRE، HEGGENES، INNLANDET
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 15/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- عقد مؤقت
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027.
Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.
Stillinga kan kombinerast med vikartimar på avdeling.
ArbeidsoppgåverPlanlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj
Vaske og rydde opp etter måltid
Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett
Vikartimar på avdeling kan vere aktuelt
KvalifikasjonarVi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn
Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke
Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt
Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga
Personlege eigenskaparKunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen
Vere påliteleg og pliktoppfyllande
Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver
Ha humor og glede i arbeidskvardagen
Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga
Lønn etter kommunal tariff
KontaktinformasjonDagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955
ArbeidsstadBygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5184957191
Stillingsprosent: 24, 0%
Engasjement, Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.