شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsefagarbeidar

Kviteseid kommune

مكان العمل
KVITESEID، TELEMARK
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
24‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig: Helsefagarbeidar 80% fast ved somatisk og korttid frå d.d Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg. Kviteseid omsorgssenter etablerer no ei eiga korttidsavdeling, og vi søkjer ein helsefagarbeidar som vil jobbe både på korttid og somatisk avdeling. Her vekslar du mellom oppgåver knytt til korttidsopphald, rehabilitering og somatisk pleie – og vi ønskjer difor deg som har erfaring frå desse områda og trivst med høgt tempo, faglege vurderingar og tett samarbeid. ArbeidsoppgåverHelse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og kvalitetskrav Miljøretta arbeid i skjerma avdeling Aktiv deltaking i oppstart og utvikling av korttidsavdelinga Bidra i fagutvikling og kompetanseheving Rettleiing av lærlingar, studentar, bebuarar og pårørande Tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar Erfaring frå korttid, rehabilitering eller somatisk avdeling er ein fordel Interesse for faget og utvikling av tenester God digital kompetanse Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er:  Fleksibel, strukturert og løysingsorientert Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Har evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar Fagleg nysgjerrig og oppdatert   Vi tilbyrHjå oss får du ein kvardag der du kombinerer trygge og gode dagar for bebuarar med somatiske lidingar, demens / kognitiv svikt på skjerma avdeling, og faglege utfordringar og dynamikk i korttidsavdelinga. Du blir del av eit arbeidsmiljø som er inkluderande, humorfylt og fagleg nysgjerrig – og som jobbar målretta for å gje bebuarar kvalitet, tryggleik og gode overgangar vidare i tenesteløpet. Kviteseid omsorgssenter (KOS) har 32 plassar: 26 langtidsplassar, 4 korttidsplassar, 1 avlastingsplass og 1 ØHD-plass. Her møter du ei variert pasientgruppe og kollegaer som brenn for fagleg forsvarleg helsehjelp, trivsel og gode kvardagsøyeblikk. KontaktinformasjonHelene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90213757, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no ArbeidsstadKviteseidgata 13 3850 Kviteseid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5176319209 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 24.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.