Rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Rådgjevar/tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Hjelpemiddel, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
- مكان العمل
- BERGEN، KOKSTAD، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 16/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 ٪ stilling som rådgjevar og tolk. Vi ser etter deg som brenn for tolkeyrket, gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgaversamarbeid med andre fagprofesjonar om å sikre gode overgangar og god tilrettelegging for høyrselshemma, døve og døvblinde
Vere utøvande tolk, organisera brukarmøter og drive saksbehandling
Delta i tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging, og bidra med tolkekompetanse når vi utviklar tenester innan arbeid og utdanning
Bidra til systemretta arbeid saman med kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar, og sikre at vi ser kommunikasjon, tenester og hjelpemiddel i ein større heilskap
Drive undervisning og rettleiing av brukarar og samarbeidspartnarar
Ambulant verksemd må påreknast
KvalifikasjonerVi ser etter deg som har:
Bachelorgrad i teiknspråk og tolking, eller tidlegare tilsvarande utdanning
førarkort klasse B
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
Vi ynskjer at du har:
Erfaring med arbeid i offentleg sektor og tverrfaglege team
God kompetanse i alle tolkemetodar
Kjennskap til hjelpemiddel og tilrettelegging
erfaring eller utdanning innan systemarbeid som gjer deg betre rusta til å møte utfordringane som er skisserte i omverdsanalysen og målbiletet vårt
Personlige egenskaperengasjert og løysingsorientert
God til å bygge relasjonar, samarbeider godt både internt og eksternt, og trivst med arbeid i tverrfaglege team
Framtidsretta, strategisk og trivst med forbetringsarbeid og utvikling
Ein inspirerande lagspelar som ser verdien i kompetanseutvikling og trivsel i arbeidsmiljøet
Sjølvstendig, ansvarsbevisst og glad i arbeidsoppgåver med høg fagleg kompleksitet
Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du:
Spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
Aktive og engasjerte kollegaer
fleksitidsordning
Moglegheit for å trene i arbeidstida
Moglegheit for hybrid arbeidskvardag
stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar. Lønn frå 639 000 til 729 000 kroner.
God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.
كونتاكت بيرسون
هانز يورغن سفابيك، ليار لأفديلينغ تولك، 926 63 111، hans.jorgen.svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
KontaktinformasjonHans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar tolk, 926 63 111, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
ليف فوسكانجر، أڤدلينغسلييار رودجيفنينغ، 951 87 003، leif.fauskanger@nav.no
ArbeidsstedKokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
مراجع: 5204428265
Stillingsprosent: 100٪
سريع
Søknadsfrist: 16.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar og tolk. Vi ser etter deg som brenn for tolkeyrket, gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Arbeidsoppgaversamarbeid med andre fagprofesjonar om å sikre gode overgangar og god tilrettelegging for høyrselshemma, døve og døvblinde
vere utøvande tolk, organisera brukarmøter og drive saksbehandling
delta i tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging, og bidra med tolkekompetanse når vi utviklar tenester innan arbeid og utdanning
bidra til systemretta arbeid saman med kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar, og sikre at vi ser kommunikasjon, tenester og hjelpemiddel i ein større heilskap
drive undervisning og rettleiing av brukarar og samarbeidspartnarar
Ambulant verksemd må påreknast
KvalifikasjonerVi ser etter deg som har:
bachelorgrad i teiknspråk og tolking, eller tidlegare tilsvarande utdanning
førarkort klasse B
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
Vi ynskjer at du har:
erfaring med arbeid i offentleg sektor og tverrfaglege team
god kompetanse i alle tolkemetodar
kjennskap til hjelpemiddel og tilrettelegging
erfaring eller utdanning innan systemarbeid som gjer deg betre rusta til å møte utfordringane som er skisserte i omverdsanalysen og målbiletet vårt
Personlige egenskaperengasjert og løysingsorientert
god til å bygge relasjonar, samarbeider godt både internt og eksternt, og trivst med arbeid i tverrfaglege team
framtidsretta, strategisk og trivst med forbetringsarbeid og utvikling
ein inspirerande lagspelar som ser verdien i kompetanseutvikling og trivsel i arbeidsmiljøet
sjølvstendig, ansvarsbevisst og glad i arbeidsoppgåver med høg fagleg kompleksitet
Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du:
spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
aktive og engasjerte kollegaer
fleksitidsordning
moglegheit for å trene i arbeidstida
moglegheit for hybrid arbeidskvardag
stillingskode 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar, avhengig av kvalifikasjonar. Lønn frå 639 000 til 729 000 kroner.
god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.
Kontaktperson
Hans Jørgen Svabekk, leiar for avdeling Tolk, 926 63 111, hans.jorgen.svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
KontaktinformasjonHans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar tolk, 926 63 111, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, Avdelingsleiar Rådgivning , 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
ArbeidsstedKokstaddalen 35
5257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5204428265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.