شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Lærar ved Tangen skule

Årdal kommune Skule

مكان العمل
ÅRDAL، ÅRDALSTANGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
14‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
2

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og skape læring gjennom trivsel og respekt?   Tangen skule har ledig to 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27 og 01.03.27, og fram til 31.12.27, med mogleg forlenging. På Tangen skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.   Om Tangen skule Tangen skule er ein 1.–10.-skule med 203 elevar. Til saman har 43 personar arbeidsplassen sin ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar og støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og variert fagmiljø der ulike profesjonar samarbeider rundt elevane. Visjonen vår er: «Vi skal utvikle sjølvstendige, trygge born med danning og lærelyst.» Mottoet vårt, «Læring gjennom trivsel og respekt», seier mykje om korleis me ønskjer at kvardagen ved skulen skal vere. Trivsel, respekt, tryggleik og meistring er sentrale verdiar for oss, både i møte med elevane og i samarbeidet mellom dei tilsette. Hjå oss skal elevane bli sett, utfordra og få oppleve meistring. Som lærar blir du ein viktig del av dette arbeidet.   Arbeidsoppgåver Som lærar ved Tangen skule får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i tråd med gjeldande lovverk og læreplanar oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø samarbeid med lærarar, fagarbeidarar, assistentar og andre tilsette ved skulen tett og godt samarbeid med føresette og andre relevante samarbeidspartnarar deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid   Stillingane kan innehalde undervisning både på barne- og ungdomssteget, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. Ved undervisning på ungdomssteget kan oppgåver knytte til eksamen vere aktuelt.   Kven ser me etter? Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte. Det er naudsynt med bilsertifikat. For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette. Me ynskjer oss ein kollega som: skapar gode relasjonar og møter elevane med varme, respekt og tydelege forventningar ser den enkelte eleven og legg til rette for tryggleik, trivsel og meistring er engasjert og tek initiativ likar å samarbeide og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet deler kunnskap og erfaringar med kollegaene sine er kreativ, nysgjerrig og utforskande i undervisninga er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsorientert Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.   Me tilbyr Hjå oss får du: ein meiningsfull jobb der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge eit godt og stabilt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer eit tverrfagleg arbeidsmiljø med pedagogar, assistentar og støttefunksjonar eit profesjonsfellesskap der samarbeid, kunnskapsdeling og utvikling står sentralt ein variert arbeidskvardag med elevar frå 1. til 10. trinn høve til å utvikle deg fagleg og bidra til utvikling av skulen arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår gode pensjons- og forsikringsordningar løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale og avtaleverk     Kjenner du deg att i dette og har lyst til å bli ein del av laget på Tangen skule? Då håpar me å høyre frå deg!   Andre opplysningar: Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.