Ynskjer du jobb som pleieassistent?Søk jobb hjå oss då vel!
Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 30/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost.
Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!!
Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Oppstart snarast eller etter avtale.
ArbeidsoppgåverPleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar
Førefallande arbeid i avdelinga
KvalifikasjonarRelevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent
Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
Personlege eigenskaparVere ein god teamarbeidar
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Like verierte utfordringar
Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å videreutvikle kompetansen din
Vi tilbyrLærerik og spennande jobb i aktivt miljø
Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Løn etter gjeldande overinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5195667401
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 30.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.