شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rådgjevar/Seniorrådgjevar i fakultetsadministrasjonen, Fakultet for helse- og sosialvitskap 

Høgskulen på Vestlandet

مكان العمل
HAUGESUND، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig fast stilling i 100% som rådgjevar/seniorrådgjevar i fakultetsadministrasjonen.Fakultetsadministrasjonen er lokalisert i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av dei fem campusane. Ansvars- og arbeidsoppgåver:Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt  Ressurs-, økonomi- og verksemdsstyring i tett dialog med leiarane i fakultetet  Bistand, rådgjeving og samhandling med leiarane innan bemanningsplanlegging  Utgreiings- og utviklingsarbeid i tråd med strategi og planar i fakultetet  Førebuing og oppfølging av saker for fakultetsleiinga  Gjennomføre analysar og utarbeide statistiske oversikter som grunnlag for avgjerder og utviklingstiltak  Delta og bidra på andre saksfelt etter behov Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse: Høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan økonomiske fag. Bachelorgrad med relevant faginnretning kan kompensere for masterkravet.  God systemforståing, høg digital kompetanse og evne til å handtere komplekse modellar og store datamengder.  God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. Ønskede kvalifikasjoner: Erfaring med effektivisering- og digitaliseringsprosessar.  Kjennskap til utdanningssektoren.  Relevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillinga. Personlege eigenskapar: Du er ein person som trivst med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø, og dine kommunikasjonsevner gjer at du kan byggje gode relasjonar med dei du møter.  Du har evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar og sjå heilskapen i utfordringar.  Du er også flink til å identifisere behov som kanskje ikkje er like openberre ved første augekast, noko som gjer deg til ein verdifull ressurs i prosessar som krev strategisk tenking.  Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet.  Du er løysingsorientert og fleksibel ved endringar i arbeidsoppgåvene. Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling Høve for trening i arbeidstida Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/1364 - seniorrådgjevar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.HKdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved Høgskulen. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.  Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i hvl si interne organisering. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:1. Trude Engebretsen, Administrasjonssjef Telefon: +47 55 58 78 85  E-post: trude.engebretsen@hvl.no 2. Kristine Tveit, Studieadministrativ leiar Telefon: +47 52 70 26 29 E-post: kristine.tveit2@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
النص الأصلي للإعلان
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig fast stilling i 100% som rådgjevar/seniorrådgjevar i fakultetsadministrasjonen.Fakultetsadministrasjonen er lokalisert i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av dei fem campusane. Ansvars- og arbeidsoppgåver:Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt  Ressurs-, økonomi- og verksemdsstyring i tett dialog med leiarane i fakultetet  Bistand, rådgjeving og samhandling med leiarane innan bemanningsplanlegging  Utgreiings- og utviklingsarbeid i tråd med strategi og planar i fakultetet  Førebuing og oppfølging av saker for fakultetsleiinga  Gjennomføre analysar og utarbeide statistiske oversikter som grunnlag for avgjerder og utviklingstiltak  Delta og bidra på andre saksfelt etter behov Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse: Høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan økonomiske fag. Bachelorgrad med relevant faginnretning kan kompensere for masterkravet.  God systemforståing, høg digital kompetanse og evne til å handtere komplekse modellar og store datamengder.  God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. Ønskede kvalifikasjoner: Erfaring med effektivisering- og digitaliseringsprosessar.  Kjennskap til utdanningssektoren.  Relevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillinga. Personlege eigenskapar: Du er ein person som trivst med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø, og dine kommunikasjonsevner gjer at du kan byggje gode relasjonar med dei du møter.  Du har evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar og sjå heilskapen i utfordringar.  Du er også flink til å identifisere behov som kanskje ikkje er like openberre ved første augekast, noko som gjer deg til ein verdifull ressurs i prosessar som krev strategisk tenking.  Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet.  Du er løysingsorientert og fleksibel ved endringar i arbeidsoppgåvene. Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling Høve for trening i arbeidstida Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/1364 - seniorrådgjevar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.  Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:1. Trude Engebretsen, Administrasjonssjef Telefon: +47 55 58 78 85  E-post: trude.engebretsen@hvl.no 2. Kristine Tveit, Studieadministrativ leiar Telefon: +47 52 70 26 29 E-post: kristine.tveit2@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.