شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Logistikkmedarbeidar

Merkantil AIO, Haugesund Sjukehus

مكان العمل
HAUGESUND، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
29‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med å vidareutvikle logistikkfunksjonen i ei av sjukehuset sine mest sentrale avdelingar? Avdeling AIO søkjer ein engasjert, strukturert og løysingsorientert logistikkmedarbeidar til 100 % fast stilling ved Operasjonsavdelinga. Vi står framfor etablering av konsignasjonslager og søkjer ein medarbeidar som ønskjer å bidra til utvikling av framtidsretta lager- og logistikkløysingar. Stillinga byr på varierte og ansvarsfulle oppgåver innan forsyning, lagerstyring og vareflyt, og vil ha ei sentral rolle i å sikre at avdelinga har rett utstyr til rett tid. Den som blir tilsett vil også fungere som stedfortredar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær, og får god opplæring i både system og funksjon. Kva går jobben ut på?Dine oppgåver i rolla inkluderer blant anna forsyning og logistikk til operasjonsstuene bestilling, mottak og oppfølging av varer lagerstyring og vareflyt i SAP etablering og vidareutvikling av konsignasjonslager oppfølging av lagerbehaldning og varetilgjenge samarbeid med leverandørar, innkjøpsfunksjonar og fagmiljø bidra til standardisering og kontinuerleg forbetring av logistikk- og lagerprosessar å vere vikar for funksjonsleiar logistikk/merkantil ved fråvær Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Relevant erfaring frå logistikk, lagerdrift eller forsyningsarbeid. Erfaring med lagerstyring og vareflyt. Erfaring med SAP eller evne til raskt å setje seg inn i nye system. Interesse for utvikling og forbetring av logistikkprosessar. Kjennskap til konsignasjonslager er ein fordel. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Kva ser vi etter hos deg?Vi søkjer deg som er strukturert, nøyaktig og opptatt av kvalitet i arbeidet har gode samarbeidsevner og byggjer tillit i møte med kollegaer og samarbeidspartnarar tek eigarskap til oppgåvene dine og følgjer dei opp på ein sjølvstendig måte er utviklingsorientert og motiverast av å forbetre arbeidsprosessar trivst med digitale verktøy og ser moglegheiter i nye arbeidsmåtar bidreg positivt til arbeidsmiljøet og deler kunnskap med andre Kvifor skal du velje oss?Ei spennande og ansvarsfull stilling i eit aktivt fagmiljø. Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og vidareutvikle logistikkfunksjonen. Eit tverrfagleg arbeidsmiljø der du samarbeider tett med kliniske fagmiljø, innkjøpsfunksjonar og leverandørar. Moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas spesialisthelseteneste Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKnut Arne Instanes ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5180686328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.09.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.