Kokk med fagbrev/ assistent
Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- مكان العمل
- MOLDE، HJELSET، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 13/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 3
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi søkjer nye kollegaer til kjøkkenet vårt ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi treng medarbeidarar til både produksjonskjøkkenet og avdelingskjøkkena våre. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Produksjonskjøkkenet produserer mat til pasientar, kafé og kiosk, med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer òg møtemat og catering til ulike arrangement og føremål. I kaféen finn du eit variert utval av påsmurde produkt, varme og kalde rettar, heimelaga bakst, gåveartiklar, bøker og ulike vekeblad. Vi driftar òg ein sjølvbetent kiosk med smart vareskap som tilbyr eit breitt utval av mat, drikke og kioskvarer.
Opphaldsromma på avdelingane fungerer som små kaféar og tilbyr mellom anna middagar, graut, supper, desserter, brødmat, pålegg og drikke.
Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mange spennande arbeidsoppgåver og bidra til eit viktig tilbod for pasientar, tilsette og besøkjande.
Har du lyst til å bli vår nye kollega? Då håpar vi du søkjer!
ArbeidsoppgåverMatvert - har ansvar for "mini kafe" for pasientane. Bestille mat og drikke på Nutshell. Sluttilberede diettar, imøtekomme og lage enkle rettar etter ønske frå pasientane. Matverten fungerar som kjøkkenet si utstrakte arm og samarbeidar med avdelingspersonalet. Matverten har ansvar for matsikkerheita på avdelingskjøkken/ oppholdsrom
Varemottak - kvalitetskontroll av alle varer som vert mottekne, samt sette varer på riktig plass
Lager - pakke varer etter bestilling frå alle matvertar, avdelingar, kafe, samt pakke til eksterne lokasjonar. Ansvar for varerullering, kommunisere med produksjonskjøkken/ innkjøpsansvarleg
For alle stillingane - andre arbeidsoppgaver må påregnast etter internt behov i seksjonen. Aktivt bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem.Bruk av seksjonen sine digitale verkty
KvalifikasjonarKokk med fagbrev, men andre utan fagbrev er også velkomne til å søke på stillingane
Matvert må ha kunnskap om matlaging og grunnleggande ernæring
For stilling i varemottak/ lager må ein vere fysisk sterk
Kunnskap/forståing for lagerstyring
Må ha svært gode norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisst og påliteleg
Du arbeidar sjølvstendig og strukturert
Du er ein god lagspelar
Du er positiv til endringar og likar utfordringar
Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
Du er opptatt av å yte god service
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
KontaktinformasjonEli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5185036812
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.