Sommarvikariat - medisinstudent med lisens eller cand.med.
Kreft avdeling, Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 17/01/2027
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 3
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig sommervikariat for medisinstudent med lisens eller cand.med.
Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.
Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, eit opptaksomrdåe med ca 110 000 innbyggjarar.
Avdelinga består av sengepost med 10 senger og poliklinikk, og har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon.
Stillinga er ei dagstilling og inngår i ei femdelt vaktordning med vakttid kl. 16.00–19.00 på kvardagar og kl. 09.00–14.00 på helge- og høgtidsdagar. Vakta blir bemanna av overlege og LIS3, eller overlege og medisinstudent med lisens.
Send oss søknaden din, og oppgje gjerne kva veker du kan arbeide i perioden. Vi ser fram til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverOrdinære oppgåver tilknytta arbeid ved sengepost, visitt, mottak av pasienter med innkomstjournal, epikriser m.m.
Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande
KvalifikasjonarDokumentasjon på lisens
Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling
Personlege eigenskaparVi vil gjerne ha ein medarbeidar som:
har fagleg interesse og engasjement for fagområda onkologi, hematologi og palliasjon
har høg arbeidskapasitet, er fleksibel, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
er ansvarsbevisst og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyrEi avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø
Høg fagleg kvalitet, og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKnut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5207843097
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.06.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.