Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sommarvikariat - medisinstudent med lisens eller cand.med.

Kreft avdeling, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig sommervikariat for medisinstudent med lisens eller cand.med. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.  Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftretta behandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, eit opptaksomrdåe med ca 110 000 innbyggjarar.  Avdelinga består av sengepost med 10 senger og poliklinikk, og har pasientar innan fagområda onkologi, hematologi og palliasjon.  Stillinga er ei dagstilling og inngår i ei femdelt vaktordning med vakttid kl. 16.00–19.00 på kvardagar og kl. 09.00–14.00 på helge- og høgtidsdagar. Vakta blir bemanna av overlege og LIS3, eller overlege og medisinstudent med lisens. Send oss søknaden din, og oppgje gjerne kva veker du kan arbeide i perioden. Vi ser fram til å høyre frå deg! ArbeidsoppgåverOrdinære oppgåver tilknytta arbeid ved sengepost, visitt, mottak av pasienter med innkomstjournal, epikriser m.m. Behandling og oppfølging av pasientar med kreftsjukdom og deira pårørande  KvalifikasjonarDokumentasjon på lisens Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling  Personlege eigenskaparVi vil gjerne ha ein medarbeidar som: har fagleg interesse og engasjement for fagområda onkologi, hematologi og palliasjon har høg arbeidskapasitet, er fleksibel, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon er ansvarsbevisst og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Kompetanse, erfaring og eignaheit vert vektlagt Vi tilbyrEi avdeling med spennande og utfordrande fagmiljø Høg fagleg kvalitet, og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKnut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207843097 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 14.06.2027 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.