100% fast stilling som teknikar i Ergo-/fysioterapitenesta
Osterøy kommune
- مكان العمل
- OSTERØY، LONEVÅG، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 08/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingaVil du bruke teknisk interesse og praktiske ferdigheiter til å gjere kvardagen enklare for andre? Osterøy kommune søkjer ein teknikar med ansvar for drift og oppfølging av kommunen sitt hjelpemiddellager. Du vil få ein variert arbeidskvardag med teknisk arbeid, logistikk, digitale system og samarbeid med innbyggjarar og kollegaer.
Du treng ikkje vere ekspert på hjelpemiddel eller kjenne Nav Hjelpemiddelsentral frå før. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, nysgjerrig på teknologi og digitale verktøy, lærer raskt og trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Opplæring og fagleg støtte får du hos oss.
Stillinga er organisert i ergo- og fysioterapitenesta. Vi arbeider for at innbyggjarane på Osterøy skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv – heime, i institusjon, på skule og i barnehage.
Ønskjeleg med snarleg oppstart, eller frå 01.01.2027.
Kvem søkjer vi etterVi ser etter deg som har teknisk innsikt og likar å arbeide praktisk. Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god serviceinnstilling, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og inkludering.
Det er ein fordel om du:
har relevant erfaring eller anna teknisk bakgrunn
er interessert i teknologi og digitale løysingar
kan arbeide sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre
kommuniserer tydeleg og respektfullt med menneske i ulike situasjonar
har førarkort klasse B
krav om politiattest
gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar, praktisk forståing og vilje til å lære vil òg bli tillagde stor vekt i rekrutteringsprosessen.
ArbeidsoppgåverDu får ei sentral rolle i å sikre at rett hjelpemiddel kjem til rett person til rett tid. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
drifte og halde orden på kommunen sitt hjelpemiddellager
planleggje og gjennomføre utlån, mottak, levering og henting av hjelpemiddel
montere, tilpasse, demontere og reparere tekniske hjelpemiddel
feilsøkje og bestille delar ved behov
bestille enklare hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral
registrere og dokumentere i digitale fagsystem
følgje opp logistikk og samarbeid mellom innbyggjarar, kommunen og Nav Hjelpemiddelsentral
bidra til vedlikehald, kvalitetskontroll og vidareutvikling av gode rutinar
rettleiing i bruk av hjelpemiddel
Du samarbeider tett med ergo- og fysioterapeutar, heimetenestene, sjukeheim, forvaltningsteneste, skular, barnehagar, sjukehus og Nav Hjelpemiddelsentral.
Stillinga inngår i ein organisasjon i utvikling, og det må reknast med at arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter behov over tid.
Vi tilbyrHos oss får du ein meiningsfull jobb der arbeidet ditt har direkte verdi for innbyggjarane. Du blir del av eit inkluderande, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og korte veger til samarbeid.
Vi tilbyr opplæring i hjelpemiddelområdet, varierte arbeidsdagar og høve til å utvikle deg fagleg i skjeringspunktet mellom teknologi, praktisk arbeid og kommunale tenester.
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
النص الأصلي للإعلان
Om stillingaVil du bruke teknisk interesse og praktiske ferdigheiter til å gjere kvardagen enklare for andre? Osterøy kommune søkjer ein teknikar med ansvar for drift og oppfølging av kommunen sitt hjelpemiddellager. Du vil få ein variert arbeidskvardag med teknisk arbeid, logistikk, digitale system og samarbeid med innbyggjarar og kollegaer.
Du treng ikkje vere ekspert på hjelpemiddel eller kjenne Nav Hjelpemiddelsentral frå før. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, nysgjerrig på teknologi og digitale verktøy, lærer raskt og trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Opplæring og fagleg støtte får du hos oss.
Stillinga er organisert i Ergo- og fysioterapitenesta. Vi arbeider for at innbyggjarane på Osterøy skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv – heime, i institusjon, på skule og i barnehage.
Ønskjeleg med snarleg oppstart, eller frå 01.01.2027.
Kvem søkjer vi etterVi ser etter deg som har teknisk innsikt og likar å arbeide praktisk. Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god serviceinnstilling, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og inkludering.
Det er ein fordel om du:
har relevant erfaring eller anna teknisk bakgrunn
er interessert i teknologi og digitale løysingar
kan arbeide sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre
kommuniserer tydeleg og respektfullt med menneske i ulike situasjonar
har førarkort klasse B
krav om politiattest
gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar, praktisk forståing og vilje til å lære vil òg bli tillagde stor vekt i rekrutteringsprosessen.
ArbeidsoppgåverDu får ei sentral rolle i å sikre at rett hjelpemiddel kjem til rett person til rett tid. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
drifte og halde orden på kommunen sitt hjelpemiddellager
planleggje og gjennomføre utlån, mottak, levering og henting av hjelpemiddel
montere, tilpasse, demontere og reparere tekniske hjelpemiddel
feilsøkje og bestille delar ved behov
bestille enklare hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral
registrere og dokumentere i digitale fagsystem
følgje opp logistikk og samarbeid mellom innbyggjarar, kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral
bidra til vedlikehald, kvalitetskontroll og vidareutvikling av gode rutinar
rettleiing i bruk av hjelpemiddel
Du samarbeider tett med ergo- og fysioterapeutar, heimetenestene, sjukeheim, forvaltningsteneste, skular, barnehagar, sjukehus og Nav Hjelpemiddelsentral.
Stillinga inngår i ein organisasjon i utvikling, og det må reknast med at arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter behov over tid.
Vi tilbyrHos oss får du ein meiningsfull jobb der arbeidet ditt har direkte verdi for innbyggjarane. Du blir del av eit inkluderande, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og korte veger til samarbeid.
Vi tilbyr opplæring i hjelpemiddelområdet, varierte arbeidsdagar og høve til å utvikle deg fagleg i skjeringspunktet mellom teknologi, praktisk arbeid og kommunale tenester.
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.