Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

100% fast stilling som teknikar i Ergo-/fysioterapitenesta

Osterøy kommune

Arbeidssted
OSTERØY, LONEVÅG, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVil du bruke teknisk interesse og praktiske ferdigheiter til å gjere kvardagen enklare for andre? Osterøy kommune søkjer ein teknikar med ansvar for drift og oppfølging av kommunen sitt hjelpemiddellager. Du vil få ein variert arbeidskvardag med teknisk arbeid, logistikk, digitale system og samarbeid med innbyggjarar og kollegaer. Du treng ikkje vere ekspert på hjelpemiddel eller kjenne Nav Hjelpemiddelsentral frå før. Det viktigaste er at du er praktisk anlagt, nysgjerrig på teknologi og digitale verktøy, lærer raskt og trivst med å finne gode løysingar saman med andre. Opplæring og fagleg støtte får du hos oss. Stillinga er organisert i Ergo- og fysioterapitenesta. Vi arbeider for at innbyggjarane på Osterøy skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv – heime, i institusjon, på skule og i barnehage. Ønskjeleg med snarleg oppstart, eller frå 01.01.2027. Kvem søkjer vi etterVi ser etter deg som har teknisk innsikt og likar å arbeide praktisk. Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god serviceinnstilling, og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og inkludering. Det er ein fordel om du: har relevant erfaring eller anna teknisk bakgrunn er interessert i teknologi og digitale løysingar kan arbeide sjølvstendig og strukturert, samtidig som du samarbeider godt med andre kommuniserer tydeleg og respektfullt med menneske i ulike situasjonar har førarkort klasse B krav om politiattest gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar, praktisk forståing og vilje til å lære vil òg bli tillagde stor vekt i rekrutteringsprosessen.  ArbeidsoppgåverDu får ei sentral rolle i å sikre at rett hjelpemiddel kjem til rett person til rett tid. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: drifte og halde orden på kommunen sitt hjelpemiddellager planleggje og gjennomføre utlån, mottak, levering og henting av hjelpemiddel montere, tilpasse, demontere og reparere tekniske hjelpemiddel feilsøkje og bestille delar ved behov bestille enklare hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral registrere og dokumentere i  digitale fagsystem følgje opp logistikk og samarbeid mellom innbyggjarar, kommunen og NAV Hjelpemiddelsentral bidra til vedlikehald, kvalitetskontroll og vidareutvikling av gode rutinar rettleiing i bruk av hjelpemiddel Du samarbeider tett med ergo- og fysioterapeutar, heimetenestene, sjukeheim, forvaltningsteneste, skular, barnehagar, sjukehus og Nav Hjelpemiddelsentral. Stillinga inngår i ein organisasjon i utvikling, og det må reknast med at arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa etter behov over tid.  Vi tilbyrHos oss får du ein meiningsfull jobb der arbeidet ditt har direkte verdi for innbyggjarane. Du blir del av eit inkluderande, tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og korte veger til samarbeid. Vi tilbyr opplæring i hjelpemiddelområdet, varierte arbeidsdagar og høve til å utvikle deg fagleg i skjeringspunktet mellom teknologi, praktisk arbeid og kommunale tenester.    Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.