Rådgjevar GIS
NPI - Regional plan og analyse, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 12/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt?
Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling.
Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle.
Arbeidsoppgåver
Arbeidskvardagen vil vere variert. Mellom anna vil du:
lage geografiske analysar som støttar regional planlegging og samfunnsutvikling
samarbeide med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar
utvikle og forvalte GIS-infrastruktur, karttenester og geodata
utvikle kartløysingar, dashboards og digitale visualiseringar
bidra til å vidareutvikle fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag
gi GIS-fagleg rådgiving til ulike avdelingar i fylkeskommunen
bidra i utviklingsprosjekt innan analyse, digitalisering og geodata
KvalifikasjonarMastergrad innan GIS, geomatikk, geografi, informatikk eller tilsvarande
erfaring med GIS-programvare
god forståing for geografiske data og analysar
gode samarbeidsevner og evne til å formidle faglege problemstillingar
personlege eigenskapar vert vektlagt
Det er ein fordel dersom du har erfaring med:
web-GIS og karttenester
FME
Python eller SQL
ArcGIS Enterprise
ArcGIS Pro
datavisualisering og dashboard
offentleg forvaltning eller planarbeid
Manglande erfaring innan enkelte område kan bli vege opp av sterk motivasjon og vilje til å lære.
Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi ser etter deg som:
er nysgjerrig
er løysingsorientert
er god til å samarbeide med andre
trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi og samfunn
likar å finne smarte løysingar
har interesse for geografiske data
ønskjer å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar
Vi tilbyrHjå oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan GIS, analyse, statistikk og regional planlegging.
Vi deler kunnskap, hjelper kvarandre og har stor tillit til den enkelte medarbeidaren. Du vil få høve til å arbeide med problemstillingar som betyr noko – både for kommunane, innbyggjarane og utviklinga av Vestland.
Du får mellom anna:
spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
stor moglegheit til å påverke utviklinga av nye GIS-løysingar
eit sterkt fagmiljø med brei GIS- og analysekompetanse
høve til å utvikle deg fagleg gjennom prosjekt og samarbeid
fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for heimekontor
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter avtale
KontaktinformasjonIda -Beate Mølmesdal, Leiar, 47604557, Ida-Beate.Molmesdal@vlfk.no
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5174899162
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.