Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar GIS

NPI - Regional plan og analyse, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt? Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til  eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling. Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle. Arbeidsoppgåver  Arbeidskvardagen vil vere variert. Mellom anna vil du: lage geografiske analysar som støttar regional planlegging og samfunnsutvikling samarbeide med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar utvikle og forvalte GIS-infrastruktur, karttenester og geodata utvikle kartløysingar, dashboards og digitale visualiseringar bidra til å vidareutvikle fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag gi GIS-fagleg rådgiving til ulike avdelingar i fylkeskommunen bidra i utviklingsprosjekt innan analyse, digitalisering og geodata   KvalifikasjonarMastergrad innan GIS, geomatikk, geografi, informatikk eller tilsvarande erfaring med GIS-programvare god forståing for geografiske data og analysar gode samarbeidsevner og evne til å formidle faglege problemstillingar personlege eigenskapar vert vektlagt Det er ein fordel dersom du har erfaring med: web-GIS og karttenester FME Python eller SQL ArcGIS Enterprise ArcGIS Pro datavisualisering og dashboard offentleg forvaltning eller planarbeid Manglande erfaring innan enkelte område kan bli vege opp av sterk motivasjon og vilje til å lære. Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Vi ser etter deg som: er nysgjerrig er løysingsorientert er god til å samarbeide med andre trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi og samfunn likar å finne smarte løysingar har interesse for geografiske data ønskjer å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar Vi tilbyrHjå oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan GIS, analyse, statistikk og regional planlegging. Vi deler kunnskap, hjelper kvarandre og har stor tillit til den enkelte medarbeidaren. Du vil få høve til å arbeide med problemstillingar som betyr noko – både for kommunane, innbyggjarane og utviklinga av Vestland. Du får mellom anna: spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver stor moglegheit til å påverke utviklinga av nye GIS-løysingar eit sterkt fagmiljø med brei GIS- og analysekompetanse høve til å utvikle deg fagleg gjennom prosjekt og samarbeid fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for heimekontor gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter avtale KontaktinformasjonIda -Beate Mølmesdal, Leiar, 47604557, Ida-Beate.Molmesdal@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5174899162 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 12.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.