Lærar Naturbruk
Stend Vgs
- مكان العمل
- BERGEN، FANA، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv,
påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved
Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å
utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg.
Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr.
Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10
klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I
tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
ArbeidsoppgåverFast stilling som lærar med praktisk og teoretisk undervisning i programområde naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga er særleg knytt til emne som drift av hage og parkanlegg, steinarbeid, maskin- og reiskapsbruk.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.
KvalifikasjonarRelevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i
Fagbrev innan anleggsgartnarfaget eller andre relevante fag er eit ønske, men ikkje eit krav
Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg
Relevant yrkeserfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse
Søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkårPersonlege eigenskaparDu er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald
Du har gode ferdigheiter innan relasjonsbygging
Du er engasjert og positiv og legg til rette for variert undervisning
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt
og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
KontaktinformasjonTorbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5185688875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.