Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lærar Naturbruk

Stend Vgs

Arbeidssted
BERGEN, FANA, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. ArbeidsoppgåverFast stilling som lærar med praktisk og teoretisk undervisning i programområde naturbruk, anleggsgartnar og landbruk. Undervisninga er særleg knytt til emne som drift av hage og parkanlegg, steinarbeid, maskin- og reiskapsbruk.  Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane. KvalifikasjonarRelevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i Fagbrev innan anleggsgartnarfaget eller andre relevante fag er eit ønske, men ikkje eit krav Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg Relevant yrkeserfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse Søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkårPersonlege eigenskaparDu er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald Du har gode ferdigheiter innan relasjonsbygging Du er engasjert og positiv og legg til rette for variert undervisning Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø. Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort KontaktinformasjonTorbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885 ArbeidsstadFanavegen 249 5244 Fana Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5185688875 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.