To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter
Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 30/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om arbeidsstaden
Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team. På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Utlysinga gjeld for arbeid på helg i rehabiliteringsavdelinga. Stillinga er to-delt, me har eigen nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.
Arbeidsoppgåver
pleie og omsorg til våre brukarar
rehabiliterande tankesett
tverrfagleg samarbeid
medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem.
utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regelverk
arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den einskilde i kvardagen
arbeid med velferdsteknologi
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeider, assistent med relevant erfaring kan vurerast
du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
Det er ynskjeleg med erfaring innan rehabilitering, men ikkje noko krav
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Det er krav om politiattest ved tilsetjing
Me ynskjer deg som
ynskjer å påverke tenestene og utgjere ein forskjell for brukarane
trivst med å arbeida både på eigehand og i team
har "stå på vilje", engasjement, ansvarsbevisst og eit ynskje om å hjelpe andre
er fleksibel
Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.
Me tilbyr
Stillingsbrøk: To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg samarbeid og sosialt miljø
gode forsikrings- og pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Velkommen til å søkje stillinga – vi ser fram til å få deg på laget.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.