Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter

Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om arbeidsstaden Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team. På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling. Utlysinga gjeld for arbeid på helg i rehabiliteringsavdelinga. Stillinga er to-delt, me har eigen nattevaktsordning. Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine. Arbeidsoppgåver pleie og omsorg til våre brukarar rehabiliterande tankesett tverrfagleg samarbeid  medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem. utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regelverk arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den einskilde i kvardagen arbeid med velferdsteknologi Kvalifikasjonar Helsefagarbeider, assistent med relevant erfaring kan vurerast du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg oppgåver etter kompetanse og autorisasjon Det er ynskjeleg med erfaring innan rehabilitering, men ikkje noko krav Personlege eigenskapar vert vektlagt Det er krav om politiattest ved tilsetjing Me ynskjer deg som  ynskjer å påverke tenestene og utgjere ein forskjell for brukarane trivst med å arbeida både på eigehand og i team har "stå på vilje", engasjement, ansvarsbevisst og eit ynskje om å hjelpe andre er fleksibel Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt. Me tilbyr Stillingsbrøk: To stillingar på 14% helgearbeid. Dagvakter og seinvakter gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg samarbeid og sosialt miljø gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår  Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Velkommen til å søkje stillinga – vi ser fram til å få deg på laget. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.