شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Byggdriftar/vaktmeister, 100% fast stilling 

Gulen kommune

مكان العمل
GULEN، DALSØYRA، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
15‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Om stillinga Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.  Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.  ArbeidsoppgåverDrift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonar Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.) Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning  Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet  Har grunnleggande datakunnskapar  Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg  Krav om førarkort kl B  Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga  Personlege eigenskapar Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar  Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre  Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet  Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt  Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar  Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert  Trivst med fysisk arbeid  Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing  AnnaTenestespråket i Gulen kommune er nynorsk  Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest  Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.