Byggdriftar/vaktmeister, 100% fast stilling
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.
Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
ArbeidsoppgåverDrift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde
Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på
Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma
Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar
Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system
Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet
Har grunnleggande datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Krav om førarkort kl B
Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga
Personlege eigenskapar Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
Trivst med fysisk arbeid
Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
AnnaTenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.