Overlege onkologi
Kreft avdeling, Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 24/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst og utvikling.
Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat.
Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.
Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar.
Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar.
Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid.
Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring.
ArbeidsoppgåverMedisinsk onkologisk behandling og oppfølging av kreftpasientar
Rettleiing, supervisjon og undervisning
Utføre tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset
Rullering sengepost - poliklinikk
Deltaking i kliniske behandlingstudier
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Godkjent spesialist i onkologi, eller at slik godkjenning vil føreligge i 2027
Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg for god og forsvarleg yrkesutøving
God fagleg vurderingsevne, og arbeide målretta og strukturert
Personlege eigenskaparEr ein positiv bidragsytar til godt, fagleg og kollegialt miljø
Har motivasjon og interesse for fagfeltet
Møter mennesker i krise profesjonelt, respektfullt og empatisk
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyrEit aktivt, fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, som gjev moglegheit til fagleg og personleg utvikling
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKnut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5207626900
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 24.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.