Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Overlege onkologi

Kreft avdeling, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Onkolog i Førde - bli del at eit fagmiljø i vekst og utvikling.  Kreftavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som overlege innan onkologi. Det er mogleg å få fast tilsetting etter endt vikariat. Kreftbehandlinga er i rask utvikling, og vi ønskjer å vere med i denne utviklinga ved å auke ressursane våre innanfor onkologi. Vi er eit ungt og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte legar, sjukepleiarar og sekretærar. Vi har sterkt fokus på samarbeid, trygge og gode pasientforløp.  Avdelinga er organisert under Medisinsk klinikk og består av sengepost med 10 senger innan onkologi, hematologi og palliasjon, i tillegg til poliklinisk verksemd. Avdelinga har ansvar for store deler av medikamentelt retta behandling til den vaksne befolkinga i Sogn og Fjordane med ca 110 000 innbyggjarar. Vi har idag åtte overlegestillingar fordelt på tre onkologar, fire hematologar og ein overlege innan palliasjon, samt fem legar i spesialisering. Stillinga inngår i ei 6-delt vaktordning: kl 16:00 - 19:00 på kvardagar, og kl 09:00 - 14:00 på helg- og høgtidsdagar. Kreftavdelinga i Helse Førde har eit sterkt forskingsmiljø med mange moglegheiter for tilsette. Avdelinga deltek i fleire nasjonale og internasjonale kliniske studiar, og har også eigne studiar som blir leia av overlegar og forskarar i avdelinga. Fokuset i studia ligg i stor grad på å forbetre tilpassa/personsentrert behandling. Det er mogleg å delta i forskingsprosjekt og fleire overlegar og sjukepleiarar har doktorgrad eller tek doktorgrad ved sida av klinisk arbeid. Frå 2028 skal Helse Førde også få medisinstudentar som ein del av «Vestlandslegen». Det vil då vere mogleg å bidra i undervisning eller opplæring. ArbeidsoppgåverMedisinsk onkologisk behandling og oppfølging av kreftpasientar Rettleiing, supervisjon og undervisning Utføre tilsyn ved henvisningar internt på sjukehuset Rullering sengepost - poliklinikk Deltaking i kliniske behandlingstudier  KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege Godkjent spesialist i onkologi, eller at slik godkjenning vil føreligge i 2027  Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg for god og forsvarleg yrkesutøving God fagleg vurderingsevne, og arbeide målretta og strukturert  Personlege eigenskaparEr ein positiv bidragsytar til godt, fagleg og kollegialt miljø Har motivasjon og interesse for fagfeltet Møter mennesker i krise profesjonelt, respektfullt og empatisk Personleg eignaheit vil bli vektlagt  Vi tilbyrEit aktivt, fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø, som gjev moglegheit til fagleg og personleg utvikling Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKnut Erik Folland, Avdelingssjef, (+47) 918 82 662 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5207626900 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.02.2027 Sluttdato: 31.01.2028 Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.