Leiar – Kommunal plan og rettleiing
NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
I avdeling for næring, plan og innovasjon ved seksjon for plan, klima og analyse (PKA) er vi i ferd med å etablere ei ny organisering. Vi lyser difor no ut stilling som leiar for Kommunal plan og rettleiing. Som leiar får du personalansvar for tilsette i gruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Seksjonen har eit breitt ansvarsområde mellom anna for å utarbeide og følge opp regionale planar, intern klimaleiing, analyse, stadutvikling, rettleiie og bistå kommunane i deira planlegging og samordne fylkeskommunen sine fråsegn til kommunale planar. Seksjonen har to einingar.
Oppgåvene til eininga kommunal plan og rettleiing vil mellom anna vere å:
rettleie og bistå kommunane i deira planlegging
samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar
rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane
Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane
koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet
rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet
vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar
støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen
bistå seksjonsleiar med å avklare større og tverrfaglege problemstillingar
bistå i å sikre godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga.
god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa
engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare
erfaring med leiing eller koordinering
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Leiings- og personalkompetanseI denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar.
Vi ser etter deg som:
skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane
er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg
kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder
er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar
følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst
delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast
Vi tilbyrEin nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling
Ei ny leiarrolle med personalansvar
Gode høve for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktig lønn etter avtale
Leiarutviklingsprogram
KontaktinformasjonMay-Britt Nesje Hernes, Seksjonsleiar, +47 41688169
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5133763253
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.