Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Leiar – Kommunal plan og rettleiing

NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

I avdeling for næring, plan og innovasjon ved seksjon for plan, klima og analyse (PKA) er vi i ferd med å etablere ei ny organisering. Vi lyser difor no ut stilling som leiar for Kommunal plan og rettleiing. Som leiar får du personalansvar for tilsette i gruppa, og du vil vere sentral for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Seksjonen har eit breitt ansvarsområde mellom anna for  å utarbeide og følge opp regionale planar, intern klimaleiing, analyse, stadutvikling, rettleiie og bistå kommunane i deira planlegging og samordne fylkeskommunen sine fråsegn til kommunale planar. Seksjonen har to einingar.  Oppgåvene til eininga kommunal plan og rettleiing vil mellom anna vere å: rettleie og bistå kommunane i deira planlegging samordne og koordinere fråsegn til kommunale planar rettleie og følgje opp klimaarbeidet og stadutviklinga til kommunane Stillinga er på leiarnivå 4 og rapporterer til seksjonsleiar. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: personalansvar for tilsette i gruppa, inkludert fagleg oppfølging og utvikling av medarbeidarane koordinere det daglege arbeidet innan fagområdet rådgje og rettleie medarbeidarar og sikre kvalitet og framdrift i arbeidet vere ein drivkraft innanfor fagområdet og ta initiativ til utvikling og nye arbeidsmåtar støtte seksjonsleiar i å utvikle fagområda til seksjonen bistå seksjonsleiar med å avklare større og tverrfaglege problemstillingar bistå i å sikre godt samarbeid på tvers i seksjonen og avdelinga KvalifikasjonarVi ser etter deg som har: høgare utdanning på masternivå innanfor relevante fagområde. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan vurderast for stillinga. god kunnskap om ansvarsområda og oppgåvene som ligg til arbeidsgruppa engasjement og evne til å utvikle fagområda vidare erfaring med leiing eller koordinering  Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Leiings- og personalkompetanseI denne stillinga vil du ha personalansvar, og det er difor avgjerande at du har gode leiareienskapar. Vi ser etter deg som: skapar tillit – er tydeleg, lyttande og legg til rette for trygge rammer for medarbeidarane er utviklingsorientert – har eit genuint engasjement for å hjelpe medarbeidarar med å vekse og utvikle seg kommuniserer godt – gjev konstruktive tilbakemeldingar og involverer medarbeidarane i avgjerder er tydeleg i rolla – forstår skilnaden mellom å vere fagperson og å vere leiar, og trivst med begge delar følgjer opp – er nær nok til å sjå medarbeidarane, og har mot til å ta vanskelege samtalar når det trengst delegerer og set forventningar – er ein støttespelar som legg til rette for at andre kan lukkast Vi tilbyrEin nyskapande og fagleg sterk arbeidsplass i utvikling Ei ny leiarrolle med personalansvar Gode høve for fagleg og personleg utvikling Konkurransedyktig lønn etter avtale Leiarutviklingsprogram KontaktinformasjonMay-Britt Nesje Hernes, Seksjonsleiar, +47 41688169 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5133763253 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.